Velkommen til Dyrhovden sagbruk!
Bakgrunn
Dyrhovden Sagbruk er eit enkeltmannsforetak drive av Joel Dyrhovden frå Samnanger. "Eg har i fleire år hatt ein lidenskap for trearbeid og lokalt naturmateriale, og starta sagbruket for å kunne tilby unike og varige treprodukt til folk som set pris på kvalitet og særpreg. Når du bestiller hos Dyrhovden sagbruk, får du ikkje berre eit treprodukt – du får og med historia og opphavet, dokumentert med bilete frå skog til ferdig produkt".
Gje hytta eller heimen din eit unikt og naturleg preg med treprodukt frå Dyrhovden sagbruk!
Ta kontakt for bestilling eller ein uforpliktande prat :)
Kva får du?
Hos Dyrhovden sagbruk kan du få villmarkspanel, tømmerbenkar og andre spesialbestilte treprodukt etter dine ynskje. Treng du ståande/liggande villmarkspanel, ein spesialbestilt planke, eit spesielt treprodukt eller eit unikt emne til prosjektet ditt? Me skjær opp det du treng - tilpassa dine mål.
Treslag
Treslag er hovudsakleg furu, gran og sitkagran, men bjørk og osp er og mogleg å få tak i ved forespørsel. Alle produkt kan skjærast i breidder opp til 40 cm og tykkelser frå 1 cm og oppover.
Tørke
For produkt som er kortare enn 3 meter, nyttar me varmen frå eit kraftverk for rask tørke heile året - med ei tørketid på om lag 2 veker for standard villmarkspanel.